![]() |

Eg har venta på å bli gamal nok til å kunne delta på programmet, fortel Margit Aas Onstein (26). Margit er ein av to KFUK-KFUM-arar som no er på plass på Vestbredda som Ledsagarar.
Foto: Margit saman med teamet: (Frå venstre Ernesto Katzenstein (Sverige), Nathalia Novaes Alves (Brasil), Mairtin de Burca (Irland). Fotograf: Kristoffer Eriksson
Ledsagarprogrammet er eit internasjonalt program under leiing av Kyrkjenes Verdsråd. KFUK-KFUM Global er ein av organisasjonane som står bak programmet i Noreg.
- Eg har drømt om å bli ledsagar heilt sidan eg var GoCY- Intern hos Palestina KFUK i 2006-2007, fortel Margit. Då fekk eg vera vikar på ein av ledsager-plasseringane i eit par dagar, og blei kjent med arbeidet ledsagerane gjer. Det å kunne komme til Palestina og tilbringe tre månader og gjera noko konkret var noko som tiltalte meg. Difor har eg venta på å bli gamal nok til å kunne delta på programmet.
Margit er utplassert i Tulkarm, nord-vest på Vestbreidda, ikkje så langt frå Nablus. Byen ligg om lag 15 km frå Middelhavet og den israelske byen Netanya. Ho kom til staden i slutten av november og avsluttar sitt opphald 22. februar.
- Så langt har det vore over all forventning, sier ho. Tulkarm er ein flott by, og kontaktane våre er veldig bra folk.
Margit fortel at ho opplever arbeidet som som ledsagar som viktig. - For det første gjer me konkrete ting, som å observere på kontrollpostar og jordbruksportar. Rapportane me skriv derfrå vert brukte av FN og andre organisasjonar. Me får og tilbakemeldingar om at ting går mykje lettare når me er til stades. Men det som kanskje er aller viktigast er at me er til stades og høyrer på historiane til folk. Det å kunne fortelje om det dei har opplevd til nokon, og vite at historien vert fortalt vidare, er viktig for mange.
- Ein av dei første dagane eg var i Tulkarm besøkte me ein landsby som heiter Kafr Qaddum. Me var ute og gjekk, og kom forbi eit hus. Utanfor stod det ei dame, og eg skjønte fort at ho hadde mykje på hjarta. Ho visste ingenting om meg, eller om programmet, men ønska å fortelje. Ho lot seg ikkje stoppe av at eg berre forstod ein brøkdel av det ho fortalte på arabisk. Seinare har me besøkt henne og familien fleire gonger, og ho seier at det å kunne fortelje historiane sine er som terapi for ho. Det er sånne situasjonar som gjer det meiningsfylt å vera her.
For å bringe historiar og opplevingar vidare har kvar ledsagar sin blogg. Margit sin blogg finn du her.
Terje Stenholt, Styreleiar i Østfold KFUK-KFUM er og ledsagar denne perioden. Hans blogg finn du her.
Her kan du lese meir om ledsagarprogrammet.
Her finn du andre muligheter for utveksling.